A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
 
fagrefjord.no

Nettutstillinga #fagrefjord

Inderøy bibliotek og Pronomen kommunikasjonsdesign har jobba fram ei nettutstilling kalla #fagrefjord - nynorsk utsyn frå Vinjesteinen. Målet med prosjektet har vore å sette lys på nynorsk som eit levande og moderne litterært språk, gjennom å formidle lokale forfattarar som skriv på nynorsk.

fagrefjord.no_300x188.png

Ståstad for både innhald og form har vore Vinje-steinen i Inderøy, her ser ein ut over fagre fjord og bygder. Det er ved denne steinen Aasmund Olavsson Vinje, etter sigande, satt da han besøkte Inderøy og gav oss dei vakre skildringar av kulturlandskapet som vi finn i «Ferdaminne fraa sumaren 1860».
 
Innafor synsranda frå Vinje-steinen kan ein sjå tre rett ulike forfattarar som nyttar nynorsk i skrivinga si – Kari Stai i Inderøy, Ingrid Storholmen i Verdal og Torvald Sund i Levanger. Alle tre er anerkjende forfattarar med eit aktivt og engasjerande forhold til nynorsk språk og litteratur.
 
Nokre element i #fagrefjord er presentasjon av dei tre forfattarskapa og ei tidslinje med ein glimtvis historisk oversikt over personar og hendingar knytt til bruk av nynorsken i Inderøy. Såleis kan ein dra ei line frå nynorskens tidlege framvekst I Inderøy til notida.
 

I tillegg er det laga ei plakatutstilling som skal stå i biblioteket.

fagrefjord.no_300x186.jpg
Tips en venn Skriv ut

Skjema