error_outline
04. desember kl. 14:49

Koronavirus - informasjon og oppdatering

Les mer clear
A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
 
Barn leser

Biblioteka på Innherad får 200.000 til arrangement i Bokåret 2019

Biblioteka i Levanger, Verdal, Inderøy, Steinkjer og Verran har fått kr 200.000 frå Nasjonalbiblioteket til å lage aktivitet i Bokåret 2019! Biblioteka sende ein søknad i lag, og fekk god utteljing. Prosjektet heiter «Bok til alle tider». 

Bokåret 2019 er ei nasjonal markering av 500-årsjubileet for den første boka som vart trykt for ein norsk institusjon, erkebiskopen i Nidaros. Nasjonalbiblioteket fordeler om lag 30 millionar kr til aktivitet i Bokåret 2019.
 
Biblioteka på Innherad startar bokåret laurdag 19. januar, med fest i alle biblioteka. Det blir kake, høgtlesing og andre aktivitetar! Gjennom heile året blir det aktivitet i media, barnearrangement og fokus på litteratur med tilknyting til Innherad. Alle biblioteka skal finne forfattarskap som er relevante for Innherad, både gammal og ny litteratur. Målet er at alle på Innherad skal merke at det er bokår, og at alle skal bli meir kjent med den lokale litteraturen.
 
Kontaktpersonar:
Vidar Lund, 40211624, biblioteksjef i Levanger
Bodil Breivikås, 74048562, biblioteksjef i Verdal
Torunn Sandstad Næss, 74124226, biblioteksjef i Inderøy
Marianne Vanem, 92237999, biblioteksjef i Steinkjer
Dalia Brønstad, 98244009, biblioteksjef i Verran
 
Pressemelding frå Nasjonalbiblioteket: https://www.nb.no/bokaret-2019/

Skjema